Vegvesenet er i ferd med å frese opp vegen over Sognefjellet til planlagd opning 1. mai. På eit eller anna vis har sjåføren greidd å ta seg forbi sperringane på sognesida, og lagt i veg over fjellovergangen.

Ved Juvassbukta, eit stykke aust for Turtagrø, blei han bokstavleg tala stoppa av ein vegg av snø. Så langt var nemleg fjellovergangen rydda då vogntoget dukka opp i går ettermiddag.

– Det blei ei viss utfordring for mannskapa våre. Slik eg har forstått det var planen først at dei ville la sjåføren overnatte, men på grunn av dei dårlege vêrutsiktene fann dei det best å få han ned frå fjellet, seier Eivind Yttri i Statens vegvesen.

Ifølgje Yttri måtte vogntogsjåføren rygge eit godt stykke før han kom til ein stad der det gjekk an å snu vogntoget.

– Ifølgje mannskapa på fjellet snakkar vi om ein distanse på kring tre kilometer.

Sjåføren kom frå utlandet, men Yttri veit ikkje sikkert kva nasjonalitet han har.