Lufta ut i lufta

Det var om dagen den 23. november i fjor at den 28 år gamle mannen var ute med privatflyet sitt, og det brått oppstod kraftig røykutvikling inne i flyet. Piloten varsla om naudsituasjonen, og bakkemannskapa på flyplassen slo full alarm, melder NRK Fylkesnytt.

Flygaren måtte opne dører og vindauge i flyet, og ifølgje hans eigenrapport gjorde dette at røykutviklinga i kabinen minka. Han sette deretter motoren på tomgang, men kunne ikkje slå han av ettersom han ikkje kunne starte på nytt i lufta.

Laust eksosanlegg

Nødlandinga gjekk relativt greitt, og røykutviklinga stansa da flyet stod på bakken.

Havarikommisjonen konstaterer i sin rapport at eksosanlegget på flyet var heilt laust, og at flammedemparen i anlegget hadde gått tvers av.

Det blir og slått fast at eksosrøyret var i generelt dårleg forfatning.

Havarikommisjonen vurderer hendinga som alvorleg, og påpeikar at det er viktig å vedlikehalde dette utstyret grundig og ofte slik at eksos ikkje kan kome inn i kabinen.