PER MARIFJÆREN

Dei to siste somrane har Reidun Eide og mannen hennar, Odd Harald, mista ein forelder kvar. Og det same gjentok seg begge gonger.

— Det var varmt i vêret ved begge dødsfalla. Heldigvis har vi ein nabo som arbeider i fiskeoppdrett. Vi fekk is frå han ved begge høve. Elles er eg redd det kunne blitt to utrivelege gravferder, seier Reidun Eide.

- Ekstra påkjenning i sorga

Gulen kommune har ikkje eitt einaste kjølerom for lagring av sine døde før gravferda. Og det skal ikkje rare fantasien til for å tenke seg luktprobema som kan oppstå når ein død person blir lagra over ei veke i godt sommarvarme lokale.

— Når det ikkje er noko form for kjøling i kapellet der dei døde blir lagra, kan dei pårørande ofte bli gåande før og under gravferda og frykte for at det skal lukte. Det er uverdig, og slett ikkje slike ekstra påkjenningar ein treng midt opp i sorga over å ha mista ein av sine næraste, seier Reidun.

Ho og mannen løyste sjølv problemet begge gonger ved å hente kassar med is til å kjøle bårene ned med. Eit ekstraarbeid dei gjerne skulle vore utan slik situasjonen var.

— Men hadde vi ikkje gjort dette, kunne dette blitt ei veldig trasig oppleving, seier ho. - Vi kjende tilfeldigvis nokon som kunne skaffe oss is. Men det er slett ikkje alle som gjer.

Lukt og smittefare

Dei gulingane som ikkje har vener i fiskeoppdrett, har ofte måtta sjå sine avdøde kjære bli frakta til kjølerom i nabokommunane Hyllestad eller Høyanger i forkant av gravferda. For dei som har døydd på sjukehus i Bergen eller Førde har alternativet gjerne vore å bruke kjølerom der, og utsetje heimsendinga til like før gravferda skal finne stad.

— Ingen av desse løysingane er gode nok, for mange slektningar ønskjer å ha sjansen til å vere hjå den døde ein eller fleire gonger i løpet av denne perioden, seier Reidun Eide.

Og no har ho von om at det skal bli ei endring, ettersom Gulen kyrkjelege fellesråd, soknepresten og rådgjevaren ved omsorgsetaten i Gulen i fellesskap har sendt kommunepolitikarane eit brev der dei tar opp problemet.

På grunn av varme, er det stor fare for lukt, som sjølvsagt er ubehageleg i ei gravferd. I nokre tilfelle kan det også oppstå smittefare, påpeikar dei i brevet, og skriv blant anna vidare:

— Eit kjølerom handlar om å gje verdige forhold for dei pårørande (...) vi vil derfor be Gulen kommunestyre om å setje i gang tiltak slik at vi kan få kjøling i kommunen.

Ønskjer å gjere noko

På investeringsplanane i Gulen kommune finst ikkje eitt einaste ord om kjølerom ved kyrkjene.

Overfor Bergens Tidende stadfestar ordførar Trude Brosvik at brevet vil bli lagt fram på formannskapets budsjettmøte neste torsdag.

— Eg ser sjølvsagt at trongen for eit kjølerom er sterk, og eg har visst om dette problemet lenge, seier ordførar Brosvik, som i sitt sivile liv er - ja, nettopp - kyrkjeverje i Gulen.

Men som permittert kyrkjeverje kan ordføraren ikkje utan vidare love ekstra løyvingar tilø formålet.

— Vi vil sjå på saka saman med kyrkjeleg fellesråd, som har ansvaret for slike saker. Kanskje har dei sjansen til å få gjort noko innanfor dei ordinære økonomiske rammene, seier Brosvik. - Her er det ikkje berre eg som ordførar som ønskjer å få noko gjort, men vi har eit heilt kommunestyre som ser problemet. Men snakkar vi om store økonomiske utteljingar, er det klart at vi har eit problem.

MÅTTE BRINGE IS: Både sommaren 2003 og 2004 måtte Reidun Eide og familien hennar hente is frå eit oppdrettsanlegg for å kjøle ned bårene til sine næraste i tida før gravferda. Å engste seg for at lukt kan øydelegge gravferda er ei unødig ekstra påkjenning for dei næraste i slike stunder, meiner ho.<br/> Foto: KNUT STRAND