Måsekampen i Vik skjedde før helga. Ein kvinneleg hobbygartnar i bygda var ute og hyppa poteter, då to svært så aggressive måsar gjekk til luftangrep. Dama nytta potetgrevet til å forsvare seg mot dei angrepsvillige fuglane som stup-bomba.

Ifølgje Sogn Avis ville verken dama eller måsane gje seg. Veivinga med potetgrevet blei hissigare og hissigare, og til slutt gjekk det gale. Grevet losna frå skaftet, og for som ein prosjektil gjennom lufta. Metalldingsen kryssa nabogrensa med stø kurs for bustadhuset 15-20 meter unna, og trefte rett i eine stovevindauget. Glasruta blei smadra med eit brak, og splintane skal ha drive vegg i mellom.

Til vener og kjende skal kvinna etterpå ha gitt uttrykk for stor lette over at nabodama ikkje var heime:

— Elles kunne ho ha døydd av sjokk.