Berre flaks hindra ei grunnstøyting med dramatiske konsekvensar i Frøysjøen ved Bremanger laurdag kveld.

Det kypriotiske fryseskipet som har lagt i arrest i Vågsøy i sju månader, sette laurdag kursen for hovudstaden Riga i Latvia. Men båten kom ikkje lenger enn til Frøysjøen i Bremanger. Då stoppa maskina.

Slepebåt «på hjul»

Med storm i kasta dreiv båten med fulle oljetankar rett mot fjøresteinane. Flaksen var at ein slepebåt i eit heilt anna oppdrag «låg på hjul». Drygt 100 meter frå land fekk dei slepar om bord, og like før midnatt var «Golden Ice» ankra opp på grensa mellom kommunane Bremanger og Flora.

Faktisk ligg båten så «på grensa» at lokalkjende meiner vindretningen avgjer om han ligg i Flora eller Bremanger!

Båten hadde los om bord då han gjekk frå Måløy. Planen var at losen skulle vere med det kypriotiske skipet til Fedje, før det vart sendt ut i ope hav. Men så langt kom altså aldri fartøyet, og no fryktar losvesenet at fartøyet ikkje er sjødyktig.

Klasseselskap på plass

— Vi har lite lyst til å setje los på båten, før vi er sikre på at han ikkje hamnar i fjøresteinane att. I utgangspunktet ønskjer vi klasseselskapet på plass for å kontrollere tilstanden, seier losoldermann Rune Oldervik.

I følgje reiarlaget er skipet i god stand. Til NRK Sogn og Fjordane understrekar både kapteinen og reiar at nye deler er på veg, og at maskina vil vere reparert på eit par dagar. Då planlegg dei å halde fram ferda.

Men med utspelet frå losoldermannen kan opphaldet i grenseområda mellom Flora og Bremanger, verte vesentleg lenger enn tida det tek å reparere maskinen.

Takkar nei til bergingsløn

Det var ein slepebåt frå Ålesund-selskapet Scandic Marine Shipping som berga skuta. Etter normale reglar skal det dermed betalast ut bergingsløn, men den takkar Torbjørn Owesen i sunnmørs-reiarlaget nei til.

— Vi har brent oss før på å ta arrest i slike båtar for å få bergingsløn. Erfaringa er at vi i staden for løn, får store utgifter. Vi kjem difor ikkje til å reise noko krav mot båten, seier Owesen til Bergens Tidende.

Det kypriotiske fryseskipet har lege i arrest i Måløy sidan april. Det var den internasjonale transportarbeidarføderasjonen som tok arrest fordi mannskapet ikkje hadde fått hyre på lang tid. Laurdag hadde eigaren skrapa saman nok pengar til å betale løn og andre rekningar. Tankane vart fylt opp med drivstoff, og båten forlét Almenning der han har lege for anker dei siste månadene.