DNT-leiaren var på tur i området med familien, då dei måtte søkje ly i steinhytta under Store Skagastølstind. Der oppheldt familien seg i to dagar, før dei blei henta ned.

— Situasjonen var ikkje kritisk. Familien hadde rikeleg med mat med seg. Men det var skodde og dårleg vêr, så helikopteret hadde vanskar med å ta seg inn til området. Familien var både våte og frosne då dei ble plukka opp, fortel leiar i Luster Røde Kors hjelpekorps, Øyvind Listou.

Også redningstenesta har engasjert seg i nedbygginga av steinhytta ved foten av Storen. Etter oppmoding frå luftambulansetenesta, den alpine redningsgruppa i Sogn og Fjordane og Røde Kors i fylket, har Luster Røde Kors hjelpekorps i eit brev til Turistforeningen bedt om at hytta blir oppgradert.