• Eg trudde det var ein spøk, seier Herdis Moldøen.

Herdis Moldøen (32) blei bedt om å ta av seg BH-en då ho skulle reise frå Førde lufthamn Bringeland til Gardermoen torsdag i førre veke.

— Det var dritflaut, seier ho til bt.no.

Moldøen var rask ut av flybussen og stilte først i tryggingskontrollen, med resten av passasjerane i kø bak seg.

Det peip då ho skulle gå gjennom kontrollen. Skoa tok ho av, utan at det hjelpte. Ho fekk spørsmål om hadde på seg metall av noko slag.

— Eg hadde ein BH, og tenkte at det måtte vere den.

Blei vist til toalettet

Då sikkerheitsvakta undersøkte med ein handhaldt metalldetektor, viste det seg at det var BH-hempene på ryggen som gjorde utslag. Moldøen spurte om ikkje vakta kunne ta ein sjekk, men fekk til svar at det ikkje gjekk, sidan det ikkje var kvinnelege vakter på jobb.

— Kva vil du eg skal gjere då, skal eg ta den av meg?, foreslo Moldøen på spøk.

«Gjerne det», fekk ho til svar av vakta, som viste ho vegen til toalettet.

— Eg trudde det var ein spøk, seier Moldøen, som har gjenfortalt heile samtalen på bloggen sin. Hendinga blei deretter fanga opp av firda.no.

Fekk reise frå Oslo

32-åringen gjorde som ho fekk beskjed om, kledde av seg BH-en på toalettet og spaserte BH-laus gjennom tryggingskontrollen. Alt mens andre passasjerar følgde med og lo, fortel Moldøen. I ettertid tykkjer ho at det er ei morosam historie, men skulle helst ha vore den forutan.

«Eg har lært at flyplassen i Førde har ein sinnsjuk streng kontroll, og at eg ikkje bør prioritere spile-bh når eg stikker til Sogn og Fjordane igjen. Dette var ei yttarst pinleg erfaring», skriv Moldøen i bloggen sin.

— Eg er ikkje så veldig prippen av meg, men det er for drygt at BH-hemper kan gi utslag slik at ein må gå rundt og skamme seg. Eg kjende meg naken. Å gå BH-laus er jo noko ein gjorde på 70-tallet. Sjølv om det berre var få minutt, så var det ille nok, seier Moldøen.

Då ho reiste frå Gardermoen til Førde iført same BH tidlegare den dagen, slapp ho å kle av seg.

— Dei burde tatt ein sjekk på sensoren i Førde, eg har fått meldingar frå andre som også har opplevd å bli stoppa her, men ikkje andre stadar, seier ho.

- Drygt

Lufthamnsjef i Førde, Kjell Otto Gjesdal, seier til firda.no at han har full forståing for at Moldøen tykte hendinga var ubehageleg.

— Dette høyrest drygt ut. Eg har aldri høyrt at noko liknande har skjedd her, seier lufthamnsjefen.

Gjesdal forklarar at det berre er produsentane av kontrollane som kan stille på styrkenivået. Ingen på flyplassen eller Avinor kan gjere dette. Følsomheita til kontrollen er innanfor EU sine verdiar, ifølgje lufthamnsjefen.

— Fleire ting kan spele inn på kor følsame dei er. Er det for eksempel tørt og kaldt, kan dei bli meir ømfintleg, seier han til nettavisa.

Ifølgje lufthamnsjefen var det sjukdom som gjorde at det ikkje var kvinnelege vakter på jobb denne dagen.

Har du reagert på tryggingskontrollen på Førde lufthamn eller andre stadar? Skriv gjerne eit innlegg.