— Han snakka ikkje om det han opplevde i krigen. Det var som om han la det ifrå seg eller fortrengde det, seier Magnus Sandvik si enkje Gislaug.

Magnus Sandvik frå Eikelandsosen i Fusa døydde i 1995. Som 28-åring var han mannskap på rutebåten «Fusa» som kom under massive åtak frå allierte fly i Korsfjorden fire månader før verdskrigen var slutt. Det var faren Johannes, som også segla på «Fusa», som hadde skaffa Magnus jobb på rutebåten.

— Det var blikkande stilt på Korsfjorden. Kaptein Strønen hadde ikkje rekna med at nokon ville gjera oss noko, ein uskuldig rutebåt, fortalde Magnus Sandvik seinare til lokalavisa.

Ferjekaptein

Matros Sandvik blei såra i skulder og rygg då han prøvde å skjula seg blant halmbuntar og annan last på dekk, men kom frå forliset med livet i behald. Straks etter krigen var han mannskap på andre lokalbåtar, før han i 1949 var tilbake i Midthordlandske Dampskipsselskap.

Frå 1961 til 1979 segla han for HSD, i hovudsak som kaptein på ferja mellom Os og Fusa.

TO FORLIS: Magnus Sandvik var utsett for to dramatiske krigsforlis, men heldt fram som sjømann til han var pensjonist
Privat

Endå større dramatikk enn med DS «Fusa» opplevde Magnus Sandvik med Westfal-Larsen-skipet «Hosanger» utanfor Orknøyane 27. januar 1940. Seint på kvelden blei lasteskipet torpedert av ein tysk ubåt. Store deler av dampskipet eksploderte.

Dekksgut Sandvik hoppa på sjøen og greidde å nå ein flåte saman med tre andre mannskap. Først etter 15 timar blei han oppdaga og plukka opp av ein britisk destroyer. Kollegaene hans på flåten hadde frose i hel, og Sandvik var den einaste av i alt 17 mannskap som så vidt var i live.

Oppdaga i siste liten

— Eg vart oppdaga i siste liten. Eg var skamfrosen og hadde store smerter i beina, fortalde Magnus Sandvik.

Etter opphald på eit sjukehus på Orknøyane kom 23-åringen gradvis til hektene att og var tilbake som sjømann året etter - på DS «Fusa». Sandvik meinte han overlevde i det iskalde havet fordi han hadde på seg nye ullunderklede.

På heimebane ønskte ikkje Sandvik å snakka om dramatikken han hadde vore ute for, fortel hans nærmaste.

— Det var på skulen eg fekk vita mest om kva han hadde vore utsett for, seier dottera Kristine.

— Men han tenkte nok sitt. Og han var iallfall svært oppteken av det norske flagget, og hadde stor respekt for det, seier ho.

Kjelder: Os og Fusa-posten, Samningen