Det er midttime og matøkt i kjellaren på Tysse bedehus. Her, i det lune, vesle klasserommet med piano og datamaskin, sit dei åtte elevane i 5.-7. klasse på Tyssebotn skule i startgropa med matpakkane.

Gøymt inni matpapir og matboksar openberrar det seg salami og syltetøy, roastbiff og fårepølse, gulrøtter og eple. For er det noko denne gjengen er ekspertar på, så er det skulemat. Konkurrerte med 60 andre i fylket No har dei smurt seg heile vegen fram til fylkesmeistertittelen i matpakke denne veka, i konkurranse med over 60 andre skular i Hordaland.

— Me jubla, då me fekk veta at me hadde vunne, fortel den einaste 7. klassingen på Tyssebotn skule, Hanne Christine Skjerping, over ei skive med sjokade.

Dei aller fleste fylkesmeistrane smør nistematen sin sjølv, berre eit par av elevane i klasserommet føretrekk å setja jobben vekk til mor eller far.

Matpakkeveka blir arrangert av Statens råd for ernæring og fysisk aktivitet, og totalt deltok 1300 skular over heile landet.

Til by'n for premien

For å flest mogleg poeng, måtte alle elevane ta med seg matpakke og frukt eller grønt kvar dag i ei veke. Det vanka ekstrapoeng til skular som kan tilby minst 20 minutt matpause, tilbod om mat til dei som ikkje har medbrakt og fleire utedagar i skuleåret.

Tyssebotn skule scora full pott, og 5.-7. klasse er i dag 2000 kroner rikare. Premien skal finansiera ein bytur litt seinare i haust, med både teater og kunstmuseum på programmet. ý De tek vel med matpakke, då, når de reiser til by'n?

Unisont:

— NEEEEEEEI!!!

BRUNOST NO IGJEN: Jostein Skjerping (t.v) skyller ned brunostskivene med lettmjølk, medan Terje Tysse sverger til fårepølse og appelsinjuice. På pulten bak sit Anders Hanstveit og Daniel Johnsen.
FOTO: HELGE SUNDE