— Vi skal ha premiere på Vågsallmenningen. Sidan har vi tenkt å ha Bondens marked som fast ordning ein laurdag i månaden ved Lagunen, seier Sigrun Løkken som sit i styret for Bondens Marked.

Farmers marked har gjort suksess i England og USA. Med småskalaproduksjon og direkte kontakt mellom produsent og konsument får forbrukaren vita kvar maten er produsert, og korleis. Bonden får auka verdiskaping. Fordyrande mellomledd er kutta bort, og lokal mat blir å få.

No er ideen henta til Noreg, og laurdag 9. august vert det opna slike marknader i ni byar over heile landet. Mange jordbruksorganisasjonar har gått saman om tiltaket, men Løkken understrekar at det er bøndene sjølve som skal driva marknaden.

— Vi har fått SND-midlar og tilsett ein koordinator for å dra det i gang, men meininga er at Bondens marked skal bera seg sjølv.

— Kor mange matprodusentar er med?

— 19 bønder frå Hordaland og Sogn og Fjordane er med, seier Løkken. Ho peikar på at den nasjonale lanseringsdagen 9. august er litt uheldig i høve til vårt område.

— Det er for seint for morellene og litt tidleg for plommer og anna frukt. Men vi får fruktdyrkarane med for fullt seinare, seier Løkken.

Men om ikkje det vert mykje frukt å få den første marknadsdagen i Bergen, er lista over andre godsaker lang: spekemat og pølser av sau og svin, fisk av ymse slag, både brun og kvit geitost, edamer og gouda, gelé av rips og rogn, lefser, potetkaker, flatbrød, gombe, hjortekjøt, urter, hardangerkling og ramslaukpuré.

Og Sigrunn Løkken er overtydd om at Bondens marked blir ein viktig møteplass i ei tid då stadig fleire vert opptekne av matvarekvalitet.

<b>OST FRÅ TYSNES:</b> Kvit geitost, gouda og edamerost frå Myrdal gard blir til sals i byen under Bondens marked. <br/> FOTO: HELGE SKODVIN
HELGE SKODVIN