I morgontimane vart Statnett stoppa av aksjonistar igjen. Mastemotstandarane blokkerte arbeidet ved mastepunkt 147 og 148 i fjellet over Ålvik.

— Eg reiste heimanfrå Ulvik i dagtidleg klokka 4, fortel leiaren av Hardangeraksjonen Lars-Helge Ljone.

To menn

Etter kjøreturen til Ålvik, gjekk han den to timar lange turen opp i fjellet til mastepunkta og var på plass klokka sju.

Andre hadde overnatta i telt frå i går.

— Her fann vi to punkt med containerar og kompressorar som vi no har blokkert.

Klokka åtte i dag kom eit helikopter og sette av to arbeidarar.

Telt og mat

— Det var to hyggelege karar. Dei var her ei stund og snakka mykje i radioane sine før dei gjekk vidare til fots, seier Ljone.

Mastemotstandarane har hatt fleire aksjonar den siste tida. I går toppa det seg då ein stor politistyrke fjerna motstandarane frå annleggsplassen ved Rong på Voss. Der skulle mastedelar og containerar flygast ut i terrenget. I dag er aksjonistane tilbake på mastepunkta for å stoppa arbeidet der.

- Blir de lenge i fjellet?

— Vi får sjå. Eg har med både telt og mat, seier Ljone.

Mastepunkta ligg to timars gonge frå Ålvik, i Båsgjelsdalen mellom Roaldsdalen og Svartafjellet.

KOMPRESSOR. I går vart mastedeler og utstyr flydd ut i terrenget.
TINA KJERLAND