Ei undersøkinga BT har gjort viser at 11 av dei 14 kommunane i Sogn og Fjordane som får det veldige kraftspennet innom sine grenser, krev heile eller delar av lina lagt i kabel. Årsaka er dei store negative konsekvensane eit slikt luftspenn vil få for miljø og menneske.

Motorveg i verna område

Lina skal gå frå Fardal i Sogndal kommune til Ørskog på Sunnmøre, ein strekning på bortimot 300 kilometer. Mastene som skal bere kraftleidningane vil bli opp mot 45 meter høge. Under linja skal det ryddast eit kring 40 meter breitt belte.

Naturvernforbundet har karakterisert kraftlina som det største naturinngrepet nokon gong på Vestlandet. Miljøforkjemparar har samanlikna tiltaket med å byggje ein firefelts motorveg gjennom nokre av dei viktigaste naturområda som finst i landet. Statnett, som har planlagt og skal ha ansvaret for bygginga av lina, meiner luftspenn er einaste løysinga, i hovudsak fordi alle andre løysingar blir langt dyrare.

Hovudmålet med gigantlina er å få retta opp kraftunderskotet i Møre og Romsdal. Dette er i hovudsak skapt på grunn av Hydros modernisering av aluminiumverket på Sunndalsøra, og utbygginga av Ormen Lange. I Indre Sogn er det kraftoverskot, og dette overskotet skal altså førast 300 kilometer for å lette situasjonen for den kraftkrevjande industrien i Midt-Noreg.

— Ei utruleg sak

Kraftlina skal fleire stader krysse verna eller verneverdige område. I Leikanger vil leidningen krysse området ved det freda vassdraget Kvinna, ein av dei få urørte fossane som er att i Sognefjorden. Også gjennom Naustdal og Gloppen skal mastene byggjast i verna område eller område det er gjort framlegg om å frede. Begge alternativa gjennom Naustdal føreset kryssing av den verna Nausta.

Etter at den kjende lakseelva kom inn i verneplanane for vassdrag, har ein grunneigar fått nei til å byggje småkraftverk. Sp-ordførar Jan Herstad seier rett ut at det vil blitt møtt med hovudristing om dette luftspennet blir bygt.

— Dette er etter mitt syn litt av ei sak. For to år sidan blei Nausta varig verna. Ingen skal fortelje meg noko anna enn at denne lina alt då var under planlegging. Vernevedtaket som blei gjort den gongen blir komplett uforståeleg, om denne kraftleidningen kjem, seier ordføraren som var motstandar av at vassdraget skulle vernast.

Det aller mest konfliktfylte frå naturvernsynspunkt er kanskje likevel alternativet om at lina skal gå gjennom landskapsvernområdet rundt den vestlegaste isbreen i landet, Ålfotbreen i Bremanger.

Underskriftsaksjonar

Kraftlineplanane med dei ulike alternativa for framføring er no ute på høyring, og kommunane har frist til ut juni med å gje fråsegner. Ein gjennomgang Bergens Tidende har gjort av sakene som har vore, eller skal fram for kommunestyra neste veke, viser massiv motstand. Grunneigarlag, skogeigarlag, grendelag, elveeigarlag, helselag og andre har engasjert seg og sagt si meining. Fleire stader er det skipa til lokale underskriftsaksjonar. I Eikefjord i Flora er det samla inn 500 underskrifter mot den nye lina.

Dei folkelege protestane har fått gjennomslag inn i møteromma hos dei folkevalde. Av dei 14 kommunane i Sogn og Fjordane krev Sogndal, Leikanger, Balestrand, Gaular, Førde, Naustdal, Flora, Bremanger, Eid, Hornindal og Stryn at anten heile eller delar av lina blir lagt i kabel. Gloppen og Jølster har også innvendingar mot trasevala gjennom sine kommunar. Så godt som alle kommunar peikar dessutan på mangelfulle utgreiingar, mellom anna av konsekvensane luftspenn vil ha for næringsliv, reiseliv, natur, miljø og busetnad.

Høyanger støtta seg i fjor vår til eit brev frå Norsk Hydro der industriselskapet naturleg nok støttar planane.