I eit brev til styreleiar Mai Vik hevdar dei langt på veg at utgreiinga bevisst er tufta på feilaktige fakta.

— Dersom datagrunnlaget for dei andre sjukehusa inneheld like mange feil som for Voss sjukehus, er utgreiinga ein skandale, hevdar dei tillitsvalde for 12 fagorganisasjonar ved sjukehuset.

Faktafeil

I brevet vert det understreka at dei som samla inn opplysningane ikkje fann det «ønskelig å involvere sykehusene direkte i detaljerte drøftinger om eventuelle nye løsninger og heller ikke belaste dem med uthenting av detaljerte data for aktiviteter og kostnader» (sitat frå side 9 i utgreiinga).

Denne metoden med å halda dei involverte utanfor, har ført til ei rekke faktafeil og logiske brestar. Å redusera Voss sjukehus sin status frå C til A gir ikkje så store innsparingar som utgreiinga viser. Utgreiarane trur det kan sparast pengar ved å legga ned ordningar som ikkje eksisterer eller som er felles med medisinsk avdeling, som ikkje skal leggast ned.

Alle faktafeila støttar opp under framlegget om reduksjonar ved sjukehuset. Ikkje ein einaste feil tel motsett veg. Dette tyder på bevisst handling.

Prosjektgruppa sjalta ut

Men det er ikkje berre sjukehusa og deira tilsette som er haldne utanfor i utgreiingsprosessen. Sogn Avis har påvist at endatil prosjektgruppa vart sjalta ut i innspurten. I staden for at usemje kjem til uttrykk i dissensar, har Helse Vest (administrasjonen og konsulentar) skrive dei oppsummerande vurderingane for eiga rekning.

Over tusen fakkelberande menneske trassa sprengkulden på Voss måndag og gav Helse Vest eit klart svar. Informasjonsdirektør Bjørg Sandal har dårleg belegg for leiarartikkelen i siste nummer av informasjonsavisa Helse i Vest: «Vi veit at det er ein klar samanheng mellom kvalitet og volum. Vi trur difor at pasientar heller reiser litt lenger får å få den beste kvaliteten på tenestene».

Direktør Rolf Abrahamsen ved Voss sjukehus opplyser til Bergens Tidende at han har fått fråsegner frå tre overlegar og økonomisjefen som dokumenterer korrekte fakta. Breva skal fylja hans oppsummerande, interne notat om saka til Helse Bergen. Det er venta at Helse Bergen vil gje fråsegn til Helse Vest like over helga.

KRASS KRITIKK: Arvid Langeland i Norsk Sjukepleiarforbund (t.h.), her saman med direktør Rolf Abrahamsen, og tillitsvalde frå 11 andre fagforbund kritiserer Helse Vest.<p/>ARKIVFOTO: ARNE HOFSETH