INGVILD RUGLAND

— At dei tør å kome hit, det er jo midt i jaktsesongen, mumla ein av tilhøyrarane då møtet i Ulvik var slutt seint i går kveld.

For folka frå Statnett og NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) stilte opp i løvens hule då dei inviterte til folkemøte om den planlagde kraftlina frå Sima til Samnanger. Dei ønskte å vite kva folket i Ulvik meiner om dei ulike alternativa til kraftline.

Svaret var krystallklart: Det er uaktuelt å diskutere dette om ikkje det blir sjø- eller jordkabel.

— Vi må ikkje begynne å diskutere luftkabel. Det er sjøkabel eller skrinlegging, sa Torunn Hovland Ljone i Folkeaksjonen mot luftkabel til stor applaus.

Unisont Hardanger-nei

Ulvik-ordførar Jon Olav Heggseth var kom rett frå møte i formannskapet og møtet i Hardangerrådet, der alle sju Hardangerkommunane er med. Både rådet og formannskapet vedtok samrøystes å seie nei til ei kraftline slik Statnett har planlagt, og meiner det einaste akseptable er sjø- eller jordkabel.

— Vi skal no alliere oss med fylkesmann, fylkeskommune og stortingspolitikarar, det er viktig for å bli høyrt. Det er inga usemje mellom kommunane i Hardanger, slo han fast.

Han fekk støtte frå tilhøyrar Ragnvald Fleten.

— Vi bør ikkje diskutere desse alternativa som Statnett har her. Då er det vel ikkje meir å diskutere, sa han.

Ordstyrar Nils Henrik Johnsen frå NVE kunne ikkje anna enn å konstatere at heile salen var imot gjestane frå Oslo.

— Vi har merka oss ein viss skepsis, ja, sa han tørt.

For motstanden mot planane er unison. Folk fryktar at det voldsomme naturinngrepet vil øydelegge det fortrinnet som Hardanger har; natur og turisme. Fleire peikte på at Hardanger sel naturen og ikkje kraftliner.

Naturen kostar to mrd.

Dei bryr seg ikkje om at sjøkabel, som Statnett sist veke har sagt ja til å utgreie dette, er fem gongar dyrare enn luftalternativet.

— Det undrar meg at Statnett sett ein pris på Hardangernaturen. De prøver selje naturen for to milliardar kroner. Vi er ikkje med på det, sa Kjell Røkenes.

— Det måtte jo vere folk frå Oslo som har funne på dette, konstaterte Torunn Hovland Ljone tørt.

Då klokka gjekk mot halv ti, kom følgjande benkeforslag.

— Vi vil heim, og de er hjarteleg velkomne tilbake med ein sjøkabel. Ingen her bryr seg om den kostar to milliardar eller meir.

Dermed var møtet slutt, NVE og Statnett sine folk konstaterte at motstanden og engasjementet var sterkt, og lova å ta det med seg vidare. Tysdag og onsdag er det folkemøter i Granvin og Kvam.