Gulen-ordføraren reagerer på at SFT ikkje informerte om kva stoff som eksploderte på tankane i Gulen.

Sidan i vinter har Statens Forurensingstilsyn (SFT) visst om det giftige oljeslammet som var på tankane som eksploderte i Gulen.

— Det er svært beklageleg og kritikkverdig at SFT ikkje har delt denne informasjonen med oss. Det er jo vi som har primæransvaret for folk si helse, seier ordførar Trude Brosvik i Gulen.

SFT vurderte helse

Også fylkeslege Petter Øgar og divisjonsdirektør Erik Dybing i Nasjonalt folkehelseinstitutt er kritiske til måten SFT har handtert informasjonen på.

Øgar viser dessutan til ein erfaringsrapport som styresmaktene utarbeidde etter Vest Tank-ulukka, der ein sentral konklusjon var at alle involverte instansar uoppfordra måtte dele informasjon med dei andre.

— At dette har kome fram først no, og på ein slik måte, er veldig uheldig, for å seie det mildt, seier fylkeslegen.

I gårsdagens BT sa seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i SFT at grunnen til den manglande varslinga var at avfallet ikkje er helsefarleg. Det er ikkje grunnlag for å spekulere rundt helsekonsekvensar for innbyggjarane i Sløvåg, meinte Bjørnstad.

Men i følgje fylkeslege Petter Øgar er ikkje denne vurderinga SFT sitt bord:

— Nasjonalt Folkehelseinstitutt er faginstansen som skal vurdere dette. Både dei og kommunen skulle heilt klart ha fått informasjonen, påpeikar Øgar.

Ny vurdering av helserisiko

Direktør Erik Dybing ved avdeling for miljømedisin ved Nasjonalt folkehelseinstitutt skulle gjerne hatt informasjonen så tidleg som råd var.

— Helsedepartementet har nett no ute ein rapport på høring der dei foreslår å innføre informasjonsplikt i slike saker, seier Dybing.

— Når vi skal vurdere helserisikoen, må vi vite mest mogeleg om kva stoff det er, og i kva konsentrasjon.

No avventar Folkehelseinstituttet rapporten frå kommunelegane i Gulen og Masfjorden om helseskadane etter eksplosjonen. Kommunelege Rolf Martin Tande i Masfjorden opplyser at deira rapport er klar fredag. Samtidig treng Folkehelseinstituttet meir detaljerte analysar av stoffa som vart spreidd, og kva konsentrasjonar folk har vore eksponert for.

— I fjor fann vi lave konsentrasjonar av svovelforbindelsar. Dette gjev sterk lukt, men det må høgare konsentrasjonar til for å gje helseskade. Det var vår konklusjon i fjor. Når vi no tek imot det nye faktagrunnlaget, vil vi gjere ei ny miljømedisinsk vurdering, seier Dybing.

- Stort press

På eit møte nyleg mellom kommunane, SFT, Folkehelseinstituttet (FHI), fylkeslegen og Økokrim, fekk Folkehelseinstituttet i oppdrag å finne svar på fleire sentrale spørsmål, blant anna kva dei vedvarande helseplagene i hjå folk i Sløvåg-området skuldast, og om dei er farlege no eller på lengre sikt. I tillegg skal FHI svare på om andre tiltak må setjast inn ut over den planlagde fjerninga av ureina kjemikalierestar.

Ifølgje Dybing vil det ta gå rundt to veker frå Folkehelseinstituttet har fått grunnlagsmaterialet til dei dreg ein konklusjon.

— Vi har stort press på oss i denne saka, og vi kjem til å prioritere den, seier avdelingsdirektøren.

Gjekk ut over sitt mandat

— Her har SFT indirekte gjort vurderingar rundt helserisiko som ikkje ligg til dei å gjere, seier Line Henriette Holten Hjemdal (KrF).

Ho er miljøpolitisk talskvinne i partiet, og siktar til SFT si forklaring om at dei ikkje varsla fordi dei meinte det ikkje var noko helsefare i Sløvåg.

KrF vil no stille spørsmål til miljø- og utviklingsminister Erik Solheim om SFT si handtering av saka.

— Ting tyder på at både SFT og Økokrim har halde på opplysningar rundt innhaldet i tankane, og ikkje har delt kunnskapen med kommunen eller dei ansvarlege organ i helsevesenet, seier Holten Hjemdal.

Ho meiner det er oppsiktsvekkjande at SFT ikkje har delt denne informasjonen, særleg fordi det er så klare grenser mellom ansvarsområda til dei ulike offentlege organa i slike saker.

— At eit statleg organ agerer på denne måten i ei sak som har ei slik historie, er ikkje mindre enn oppsiktsvekkjande, seier ho.

— Særleg etter ei evaluering av Vest Tank-saka, der ein av dei viktigaste lærdommane var å dele all informasjon.