Nok ein gong er det kommunen som har fått trumfa sitt opplegg gjennom. Dei nye fortaua skal haldast snø— og isfrie av varmt vatn som sirkulerer i rør.

Dette er ikkje huseigarane nødvendigvis usamde i, men dei vil gjerne vita om dette blir billegare eller dyrare enn oppvarming med tradisjonelle varmekablar - og om det er aktuelt med tilkopling til varmepumpeanlegg.

Slike spørsmål er det tydelegvis ikkje lett å gje pålitelege svar på. Omskaping av Vangsgata til «Miljøgate» er inne i sin andre fase, strekninga mellom Torget og Hestavangen. Fortauet på nordsida av gata vert sterkt utvida. Om det skal gå biltrafikk ein veg eller begge vegar på asfaltstripa som blir att, er ikkje avklara. Enkelte ønskjer seg rein gågate.

PLASTRØR: Varmt vatn skal sirkulera i raude plastrøyr for å halda fortaua i Vangsgata på Voss snø- og isfrie. Røyra vart i går tildekka med asfalt.
STIAN LYSBERG SOLUM