ERLEND SPURKELAND (tekst og foto)

Den friluftsinteresserte kameratgjengen frå Masfjorden snakkar ivrig i munnen på kvarandre. Dei sit rundt eit bord på Dyrkolbotn Fjellstova og fyller på med brus, chips og sjokolade etter dagens innsats frå Kalvedalshytta.

Middagen er inntatt, dusjen unnagjort. Kleda heng til tørk. Praten går om opplevingane på turen, og om det som ligg framfor.

Gløymt er den første dagen med motbakkar, stridregn og sleipe berg. Dagen deretter veik skodda, og vips var det shortsvêr. Slik er fjellet. Men hardt er det. På slutten av andre dagsetappe var Kristian Skjelanger Kvinge (15) så stiv i knea at han gjekk baklengs nedover...

Gammal draum

At det er sju dagar igjen til neste gong dei kan dusja bekymrar ikkje karane.

-For me har jo fjellvatna, flirer Sveinung Mjanger (14), som i grunnen er skuld i heile guteturen.

Den årlege sommarturen har gått til Simadalen der mor hans kjem ifrå. Tidleg dukka draumen opp om å vandra til fots til mødrelandet. Men pappa bonde hadde ikkje tid til å vera med på slikt i travlaste onna.

-Det tek minst fjorten dagar, var svaret hans til den håpefulle. Men ungar gjev seg ikkje så lett. For snautt to år sidan starta planlegginga. Sidan har det vorte ein del møte med ruter, kart og utstyrslister på dagsorden. Når så den friluftsengasjerte læraren deira, Vebjørn Kjerstad Aasgard, stilte opp som turleiar, var prosjektet i boks.

Laurdag 8. juli starta klassekameratane i høljeregn frå Sør-Kvingo, der turlaget sine raude T-ar førde dei inn i fjellheimen

Godt utstyr

Turlagets planleggingskart fortel at ruta dei har lagt opp tek 84 timar. Med dagsturar på 6 timar vil det ta to veker før dei er framme.

Turgjengen har med utstyr til å greia overnatting ute; presenning, fjellduk og stormkjøkken. Pluss tre GPS-ar. Sekkene dei ber over fjellet veg likevel bortimot 16 kg.

Tempoet undervegs vert avpassa slik at alle heng med. Mest spent er karane på om alle beina held distansen ut.

Heimlengt er gjengen ikkje plaga med, verre er det kanskje for dei som sit heime. I alle fall kjem det nokre mødrer, og fedrar, med litt grillmat, kos og klem når turgjengen kryssar Modalen. Men den store familiefesten vert først på endestoppet i Simadalen, der nærare 60 stk slekt og vener stiller i velkomstkomiteen for å hylla fjellheltane sine.