Ein av dei er Lars Hellandsjø, som er formann i Nordhordland Handverks— og Industrilag.

— Vi skulle gjerne hatt Josef Martinsen på plass att der han var, sa Hellandsjø då han hadde ordet om Nordhordland si framtid på folkemøtet på Frekhaug i går. Frammøtet var godt, sjølv om møtesalen på Nordhordland Folkehøgskule ikkje var sprengfull. Og som elles på folkemøte om vegsaker, er dette først og fremst ei sak for mannfolk, trass i at to kvinner er ordførarar i Meland og Lindås, dei mest folkerike kommunane nordom brua.

Lars Hellandsjø, som kanskje er meir kjend som nyvald president i Redningsselskapet, gjorde det klårt at Nordhordland har ein veg å gå. Strilane ligg under snittet i Hordaland når det gjeld høgare utdanning. Regionen har mange små kommunar, men samanlagt har dei nesten 30.000 innbyggjarar, like mange som i ein liten by. Korleis vert framtida?

Halvert, eller dobla

— Om 10 år kan talet på arbeidsplassar på Mongstad vera halvert. Eller de kan ha dobla seg. Her spelar gassen ei stor rolle. Men nokon må ta tak. Alle må dra lasset saman. Og så må vi spela på lag med Bergen, sa Hellandsjø, som var glad for at Lisbeth Iversen, kommunalråd og miljø og byutvikling, hadde teke turen til Meland.

Det var ikkje vanskeleg å sjå at gamle-vegsjef Josef Martinsen treivst mellom strilane. Men så er det også i Nordhordland han har røtene sine. I det siste har han også engasjert seg som styremedlem i Kvam Bompengeselskap, som m.a. syslar med planar om tunnel under Kvamskogen.

— Gratulerer med gratis bru, men lat oss ikkje feira for lenge, sa Martinsen, som stod aller først på talarlista. Den røynde og omstridde vegmannen tok eit sveip, og enda med å tilrå ferje mellom Halsnøy og Askøy. Men før han kom så langt, slo han fast at Nyborgtunnelen til ein milliard kroner kunne finansierast berre ved innsparinga i ulukker.

— Nordhordlandsbrua vil ha 16.000 bilar i 2015. Men ho toler mykje større trafikk enn Sotrabrua, fordi der er planfrie kryss i på båe sider.

Press staten

I pausen helste Martinsen på regionrådsleiar Håkon Matre (ordførar i Masfjorden), og gav han formaning om å pressa staten for å få så stor statleg del som mogleg i Nordhordlandspakken.

Nordhordlandsbrua vart gratis ved årsskiftet, men bompengane kan koma attende alt i 2009 for å finansiera Nordhordlandspakken. Bompengane og føresetnadene for Nordhordlandspakken kan verta eit heitt tema framfor kommunevalet neste år. Og det er ikkje sikkert at alle kommunane vil slutta seg til opplegget. Då er spørsmålet kva fylkeskommunen gjer, dersom dei får til godkjenning eit bompengeopplegg utan full oppslutnad.

— Å ja, vi har sett før at fylkeskommunen har gjeve katten i om alle kommunane er med, dersom det er ein plan dei gjerne vil ha, seier Josef Martinsen.

— Om ein eller to av dei minste kommunane skulle gå mot, spelar det kanskje ikkje så stor rolle. Det er verre dersom ein av dei to folkerikaste, Meland eller Lindås, går mot bompengeplanen, seier regionrådsleiar Håkon Matre.

GAMMAL OG NY TID: Josef Martinsen er den same, også når det gjeld synet på vegutbygging. Lars Hellandsjø, formann i Nordhordland Handverks- og Industrilag, skulle gjerne hatt den røynde vegmannen med pålaget.
KNUT EGIL WANG
STRILEMØTE: Folk er interesserte i framtida si oppe i Nordhordland. Jamvel frå Gulen og Masfjordenvar det kome folk.
KNUT EGIL WANG