Voss formannskap vedtok torsdag med overveldande fleirtal at kraftutbygging i Raundalselva skal utgreiast. I dag gav motstandarane svar på tiltale.

Ekstremengasjement

Showet opna med eit solid knippe fallskjermhopparar i dristige svingar over Vangen.

Så heldt generalen for Ekstremsportveko, Margrethe Alm, appell frå stemnekontoraltanen på Torget.

Deretter toga dei gjennom Vangsgata, liten og stor, med breitt banner og spelemann i spissen, følgt av mange plakatar og kreative innslag, og ein toradar til slutt.

Byr opp til omkamp om vassdragInteressekonflikt

Dei tre elvane i Vossavassdraget ovanfor Vangsvatnet (Strandaelva, Raundalselva og Bordalselva) er verna mot kraftutbygging. Eit stortingsvedtak må endrast, skal det bli kraftstasjonar i Raundalen. Formannskapet, og mange raundøler, meiner mykje har endra seg sidan vernevedtaket vart gjort, og det er verdt eit forsøk. Det meiner ikkje raftarar, elvepadlarar og andre elvevernarar.

Marsjerte for elvevern

Ekstremsportsutøvarar og elvevernarar demonstrerte mot kraftutbygging i Raundalen så kraftfullt at 1. maitoget vart sett i skuggen.