– Vi veit at det gjer vondt å rippa opp i ulukka, men de skal vita at det er mange av oss som er med dykk i sorga, sa konserndirektør i Aker Kværner MMO, Torleif Gram på dagens minnemarkering etter flyulukka på Stord 10.oktober i fjor.

Rundt 120 pårørande og representantar for flyplass, redningspersonell, Stord kommune, fagforeiningar og leiarar for involverte bedrifter var til stades på min-nemarkeringa på Stord lufthamn. Dei fleste nytta høvet til å leggja ned blomar ved minnesmerket, som er laga av Fitjar-kunstnaren Jørund Fjøsne.

Mista kona, mista mamma

Oddmar Gudmundsen (51), som mista kona Gudrun (41) i flyulukka, takka for å få æra av å avduka minnesmerket like nedanfor staden der Atlantic Airways-flyet tok fyr etter å ha køyrt utfor rulle-banen. Gudmundsen hadde med seg sine to søner på fem og åtte år, som altså mista mor si, flyvert Gudrun Hervør Jo-ensen frå Færøyane.

Også flykapteinen, medpiloten og flyverten som overlevde ulukka var til stades i dag. Minnestunda blei leia av diakon Liv Kari Bru. Kyrkjelydsprest Arnt Johan Vistnes heldt ein kort andakt, ordførar Magne Rommetveit sa minneord, og det blei sunge salmar. Det musikalske stod saksofonist Ole Jakob Hystad for.

MINNESTUND: Rundt 120 pårørande og representantar for redningsmannskap, flyplass, flyselskap, Stord kommune og involverte bedrifter deltok i minnemarkeringa på eittårsdagen for flyulukka på Stord lufthamn.
OVE OLDERKJÆR
AVDUKING: Oddmar Gudmundsen miste kona si i flyulukka på Stord lufthamn 10.oktober i fjor. Han avduka i dag minnesmerke over alle fire omkomne.
OVE OLDERKJÆR