Senterparti-statsråden seier at regjeringa absolutt har vilje til å gjera Kyststamvegen på Vestlandet ferjefri.

Ho meiner det meir står på teknologien enn på løyvingane for å få erstatta dei åtte attverande ferjesambanda på strekninga Kristiansand-Trondheim med bruer eller tunnelar, eit prosjekt som er kostnadsrekna til rundt hundre milliardar kroner.

**Les også:

Fergefri til Trondheim i 2025**

Teknologien avgjer

— Eg trur dette er råd å få til, men det er teknologien som avgjer. Finansieringa er tenkt som ein kombinasjon mellom bompengar og statlege midlar, seier Meltveit Kleppa, som lovar ytterlegare opptrapping av vegløyvingane frå transportplanperioden etter 2014.

— No løftar vi i flokk, Vestlandsrådet, Vegdirektoratet og vi i departementet vil arbeida saman for målet om ferjefri veg, sa statsråd Magnhil Meltveit Kleppa på oppstartkonferansen for ferjefri-prosjektet i Stavanger i dag.

— Dette er det viktigaste slaget sidan Harald Hårfagre samla landet, sa Rogalands fylkesordførar Tom Tvedt (Ap), også leiar av Vestlandsrådet, framfor 200 deltakarar på E 39-konferansen i Stavanger Forum.

**Les BTs leder:

Vestlandets tur**

Realisert innan 2025

Vestlandsrådet, som omfattar Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, har sett seg som mål å få den ferjefrie Kyststamvegen realisert innan 2025.

— Dette er råd å få til. Det handlar om å vera bevisst, sa Tom Tvedt.

— Det bur 1,7 millionar menneske langs Kyststamvegen. Det betyr at kjøtvekta er på plass for å få vedtak på plass. Det er og langs kysten dei store inntektene til landet blir generert. Staten må derfor vera med på dette. Vi må stå tverrpolitisk saman, og vi må ha med oss organisasjonar som LO og NHO, sa Tvedt.

Kva meiner du om planane? Sei di mening!