Denne dagen vil Sotra og Øygarden Forsvarsforening avduka resultatet av årelang innsats for å bevara Fjell festning, går det fram av ei pressemelding.

"Overbygget" over kanonbrønnen blir opna, og publikum får høve til å gå ned i kanonbrønnen og sjå den store krigsmaskinen som kanonen på Fjell festning representerte. Med dette bygget har Sotra og Øygarden Forsvarsforening lagt ned ein enorm dugnad for at historia vert teken vare på for framtida.

Programmet startar klokkan 09 med kransenedlegging ved Fjell Kyrkje.