Men Marit Aksnes Aase (56) frå Kristeleg Folkeparti klagar slett ikkje over det ho i så måte har opplevd i dei fire åra som har gått. Det var i 1999 at veljarane i Samnanger første gongen avgjorde at ho skulle svinga ordførarklubba.

Ved valet i haust fekk ho ny tillit, og vel så det. Over 80 prosent av dei som røysta ved ordførarvalet meinte at sjukepleiaren burde få endå ein periode. Betre godkjent-karakter er det knapt mogleg å få.

— Eg føler det som om eg har vore oppe til eksamen, seier ho.

Samnanger og Selje

Kommunalminister Erna Solberg sa i intervju med Bergens Tidende fredag at ho vil gje direkte valde ordførarar større makt, og målet må vera eit parlamentarisk styresystem der ordføraren og risikerer å bli kasta midt i valperioden.

Samnanger, som har drygt 2300 innbyggjarar, er einaste kommunen i Hordaland som har hatt direkte ordførarval. I Sogn og Fjordane er det Selje som er med på denne forsøksordninga.

Marit Aksnes Aase var opphavleg kritisk til at Samnanger skulle søkja om å få vera med på dette opplegget. Då kommunestyret før valet i 1999 med eit fleirtal på berre ei røyst likevel tok sjansen, høyrde KrF-aren til mindretalet som var imot. Den gongen var ho varaordførar, men likevel fersk i lokalpolitikken.

Framfor valet denne gongen var det eit samrøystes kommunestyre som ville halda fast på nyordninga. Skepsisen var gjort til skamme.

Skifta syn

Ho har sjølv for lengst skifta syn, for røynslene med å vera vald direkte av folket i kommunen er stort sett berre positive, fortel ho til Bergens Tidende.

Marit Aksnes Aase meiner at den sterke personfokuseringa omkring Herman Friele også styrkjer argumentet om å velja ordføraren direkte i kommunane.

— Det ligg i korta at eg som ordførar må vera mest mogleg synleg og tilgjengeleg for veljarane. Men elles er det ingen stor skilnad i min arbeidssituasjon, samanlikna med ein ordførar som er valt av kommunestyrerepresentantane. Oppgåvene er dei same, seier ho.

Samnanger-ordføraren minner om at mange hadde grunn til å vera skeptiske på sakleg grunnlag, for ein kunne lett risikera at ordføraren ikkje hadde fleirtalet i kommunestyret bak seg. Då kunne det sanneleg bli vanskeleg å vera ordførar. Men denne otten har vist seg å vera grunnlaus. Som KrF-ordførar har Aksnes Aase hatt eit fleirtal å støtta seg til i desse åra.

Når varaordføraren, som kjem frå Frp, også er direkte valt, prøver ein no å få til ei brei politisk plattform som inkluderer også dette høgrepartiet.

Skeptiske kollegaer

— Men vi forstår at dei gamle gubbane har vore skeptiske til direkte ordførarval?

— Eg vil ikkje bruka eit slikt uttrykk. Men som kvinne og direkte valt har eg merka visse hint om at det er ein tvilsam måte å nå fram til ordførarvervet på, særleg sidan eg ikkje hadde tunge verv på førehand. Det er helst ein del eldre menn som har vore litt reserverte, men det er likevel ikkje tilfellet i min eigen kommune. Det er helst ordførarar andre stader som har vore skeptiske, seier ho.

DIREKTE VALT: Samnanger-ordførar Marit Aksnes Aase (KrF) er den einaste i Hordaland som har sitt mandat direkte frå folket. Andre ordførarar vert valde av kommunestyra. <p/> ARKIVFOTO: RUNE SÆVIG