I mellomtida har avsendaren, Marianne Arnesen (47) funne mannen i sitt liv i skodespelar Nils Vogt — og mottakaren er godt gift i Ølve i Kvinnherad. Tysnesingen Vidar Korsnes (32) var ikkje ein gong fødd då Marianne sleppte ei saftflaske i sjøen med ein godt innrulla papirlapp inni.

Tysdag fann Korsnes flaskeposten drivande i det straumsterke Lukksundet mellom Tysnes og fastlandet. Tilfeldig såg 32-åringen flaska duppande i sjøen då han og faren var ute og trekte hummarteiner.

Mysterium

Det er eit stort mysterium kvar flaska har opphalde seg sidan Marianne Arnesen kasta ho på sjøen ved Tysnes 26.juli 1968.

— Kan ho ha vore på rundtur i Bjørnefjorden, eller i Nordsjøen? I alle høve har flaska fått ein hard medfart, ho er godt sliten av vêr og vind, seier Vidar Korsnes og syner den kantslitne plastkorken og mange små hakk og skjell utanpå glasflaska.

Det lukta stramt då Korsnes opna flaska første gongen. Inni var ho heilt tørr, også den handskrivne lappen frå Marianne. Plasten var grå og sliten og har verna papiret, som framleis er kvitt, og med tydeleg fyllepennskrift.

- Tenkte på gutar

— Det var godt at eg formulerte meg varsamt på lappen. For då eg sende flaskeposten, sat eg sikkert på Tysnes og kjeda meg og tenkte på gutar, seier Marianne Arnesen til Bergens Tidende.

Arnesen-familien ferierte kvar sommar på Årbakka, nær Onarheim på austsida av Tysnes. Og unge Marianne sende fleire flaskepostar, i alt 6 - 8, i alderen 8 - 14 år, meiner ho.

— Men dette er den første eg har fått svar på! ler 47-åringen på telefonen frå Oslo, der ho arbeider med interiør.

— Eg hugsar ikkje korleis eg sendte denne flaskeposten. Anten skjedde det frå land ved Årbakka, eller frå sandskøyta til handelsmann Sven Onarheim. Vi ungane fekk ofte vera med på turar med MS «Mai 2». Det var god tilgong på flasker, for bestefar og dei dreiv ein god del med safting og sylting, fortel Marianne Arnesen.

— Eg har veldig hyggeleg minne frå Tysnes og Årbakka, sjølv om eg den gongen syntest det var lite gutar der, seier ho. Og legg til at dotter hennar har teke opp flaskeposttradisjonen.

Vidar Korsnes seier at han rett som det er plukkar opp flaskepost. Særleg etter sommarferiane er det mange av dei. Men Korsnes sender dei vidare på sjøen ettersom det for det meste er ungar som søkjer nye kontaktar.

Flaska som han og faren fann i Lukksund tysdag blir óg sendt vidare. Denne gongen til lands, og til ein bestemt adressat: Marianne Arnesen.

PS: Opphavet til flaskeposten skriv seg frå seglskutetida. Mannskap i havsnaud eller vitskapsmenn sende meldingar i korka flasker. Flaskeposten var verna av internasjonale rettsreglar. Dei som fann slike flasker plikta seg til å levera dei til nærmaste styresmakt.

GUTEBREV: Marianne Arnesen håpa at desse sirleg skrivne linjene skulle nå ein eller annan gut. Det gjorde dei, etter 35 år.
POSTE RESTANTE: Her i Lukksundet, 100 meter nord for brua blei flaksposten til Marianne Arnesen funnen. Bjørnefjorden i bakgrunnen.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR
LANGPOST: I 35 år har denne flaska med brevet frå Marianne Arnesen lege i sjøen, inntil Vidar Korsnes fann flaskeposten i Lukksund denne veka.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR