Med sirleg handskrift står det svart på kvitt: Ein gutegjeng har "stukke eit sleiveskaft opp i skjeden hennar". Journalnotatet frå 1978 er signert med initialane til helse— og sosialsjefen i ein kommune i Hordaland.

Dette notatet blei spreidd på bygda, då kvinna i 2008 stod midt i ei barnefordelingssak.

Eksmannen hadde fått ein kopi frå det kommunale barnevernet. Kopien synte han vidare til andre, ifølgje kommunen og kvinna. Der stod både gjerningsmenn og kva som skal ha skjedd.

Det var skremmande å stå avkledd føre augo på gutane

— Eg hadde aldri teke opp igjen saka om ikkje kommunen kom dragande med ho 30 år etterpå, seier kvinna. Ho vil vera anonym av omsyn til barna.

- Me fekk aldri vita

Fire år er gått, men foreldra hennar finn ikkje ro. Dei reagerer på at kommunen aldri varsla om kva dottera hadde blitt utsett for – og at dei deretter sende informasjonen til nokon dei meiner ikkje burde fått han.

VURDERER SØKSMÅL: -Helse- og sosialsjefen var den vaksne. Kvifor kontakta han ikkje mamma og pappa? Dette var ei altfor alvorleg sak til å la ei 14 år gammal jente styra, seier kvinna i dag. Ho har kontakta advokat for å vurdera erstatningssøksmål mot hordalandskommunen.

— Eg hadde meld valdtekta til politiet med ein gong, hadde eg berre visst om det. Men me fekk aldri vita, seier faren.Ute er skogen kledd i jomfrueleg kvit snø. Inne i stova sit kvinna med ein varm kopp kaffi og spolar over 30 år tilbake i tid.

- Sju gutar i eit sjøhus

Året var 1976. Foreldra ville at barna skulle veksa opp i trygge omgjevnader og flytta til kommunen.

Før ho flytta, var jenta ein ivrig symjar som gladeleg trente før skulen. På den nye heimstaden sleit ho med å bli akseptert, men nokre eldre gutar fatta interesse for den nye jenta.

Ein dag blei ho og ei venninne plukka opp i bil av gutegjengen. Etter kvart blei venninna sett av. Bilen køyrde vidare mot sjøen.

Mor hennar hadde innprenta kor viktig det var å passa på seg sjølv fram til ho blei gift. Brått var ho åleine med sju gutar i eit sjøhus.

— Eg hadde berre leika kyss, klapp og klem tidlegare. Dette var noko heilt anna, seier kvinna.

- Berre ein leik for dei

Ho fortel at dei jakta på ho frå rom til rom. Den nye buksa, som mora hadde kjøpt til ho, blei riven i stykke. Trusa gøymde dei i ein gammal omn, seier ho.

— Det var skremmande å stå avkledd føre augo på gutane.

Det som skjedde etterpå fortel ho medan ho ser ut vindauget. Blikket er festa langt borte. Gutane, fortel ho, la henne på ei seng, haldt henne fast og brukte ei sleiv og ei flaske.

— Dei lo. Det var nok berre ein leik for dei.

Fleire jenter var utsett

Den gongen i sjøhuset var ikkje einaste gongen ho skal ha opplevd at gutane forgreip seg på henne. I løpet av eit halvår skal det ha skjedd fleire gongar, men mindre grovt. Ho byrja å gå omvegar gjennom skogen for ikkje å møta gutane langs vegen, fortel ho.

I november 1978 gjekk det hol på byllen. Saman med ei venninne, hadde ho teke ein overdose globoid. Ho forklarer det med at ho var nedbroten. Etter pumping på legekontoret, bar det inn til helse- og sosialsjefen.

— Då brast det for meg. Eg fortalde kva som hadde skjedd, seier ho.

I journalnotatet står det at "ho har vorten utsett for overgrep frå tre gutar i området... Dei har teke ho med inn i bilen – kledd av ho, kjent på brysta hennar og ved eit tilfelle stukke eit sleiveskaft inn i skjeden hennar".

Helse- og sosialsjefen skriv og at gutane har valdteke to andre namngjevne, mindreårige jenter. Ingenting blei meld til politiet.

"Det vert viktig at jentene kan stå fram med dette slik at det er mogleg å snakka med gutane her på kontoret", avsluttar han.

Advokaten til kvinna seier dei vurderer oppreisningssøksmål mot kommunen.

— Hendingar som dette har ikkje vanlege fristar for forelding når overgrepet er gjort mot ein mindreårig person, seier advokat Marie Sølverud.

Gynekolog i skuletida

Sjølv frykta jenta som 14-åring at livet ville bli uleveleg om saka blei kjend. Ho trygla helse- og sosialsjefen om ikkje å varsla foreldra. Samstundes frykta ho skader i underlivet, og blei sendt til gynekolog og psykolog medan foreldra trudde ho var på skulen.

I dag kan ho ikkje forstå at helse- og sosialsjefen kunne dekka over ei slik sak.

— Du sender ikkje ei jente til gynekolog fordi ho er redd for skader i underlivet, utan å varsla foreldra, seier kvinna.

Kaos

Dei sju gutane ho seier var med på valdtekta blei aldri etterforska. Fleire av dei bur i same kommune den dag i dag med familie. Ho fekk aldri ei orsaking.

— Eg er ikkje bitter og eg hatar dei ikkje. Eg trur aldri dei forstod alvoret i handlingane, seier ho.

— Kvifor melde du ikkje saka til politiet seinare?

— Det ville berre skapt kaos for familiane, foreldra mine og alle. Eg ville ikkje utsetja folk for det, seier ho.

Dokumentet frå 1978

30 år seinare kom historia likevel til overflata då ho og eksmannen stod i ei barnefordelingssak.

Barnevernet hadde samla dokument frå arkivet. Journalnotatet frå 1978 blei lagt ved kvinna sine papir og sendt til eksmannen sin advokat. Slik fekk eksmannen tak i papira.

— Eg ville berre langt vekk. Ta avstand frå alt og få fred. Det er berre så uprofesjonelt at det ikkje burde vore mogleg, seier kvinna.

BT har vore i kontakt med eksmannen. Han seier han ikkje kjenner til dokumentet i det heile tatt. Kommunen sjølv skriv i brev at opplysingane er blitt spreidde til utanforståande.

Bygdepraten gjekk. Ho vurderte det som berre eit tidsspørsmål før foreldra visste kva som hadde hendt 30 år tidlegare. Ho valde å fortelja det til dei.

- Dobbelt overgrep

Det er god fyr i omnen i stova til foreldra. Den eldre mannen i sofaen tørkar tårer når han fortel.

— Tenk deg at ei 14 år gammal jente blei kledd naken og behandla slik. Eg har hatt mange søvnlause netter, seier han.

Også mora klandrar seg sjølv for at ho ikkje kravde svar den gongen ho fann dottera si øydelagde dongeribukse i eit skap.

— Ho hadde forsøkt å sy hola. Det var så ulikt henne, seier mora.

Begge er bitre på helse- og sosialsjefen som ikkje varsla.

— Ho var berre ein jentunge. Det var hans plikt å informera. Han skulle ikkje høyrt på henne når han såg at dette var ei politisak, seier faren.

Han opplever at dottera har blitt utsett for eit dobbelt overgrep.

— Så lenge opplysingane blir brukt mot henne mange år etter, er dei levande, seier han.

KONFIRMANT: Den 14 år gamle jenta gjekk til kommunen og fortalde om overgrep. Ho blei sendt til psykolog og gynekolog – utan at foreldra visste om det.
PRIVAT