Jan Morten Myklebust (48) sat i ruteflyet på veg frå Stord til Oslo Gardermoen då dødsulukke nummer to ramma flyplassen i Sørstokken i går morgon.

— Eg beklagar at ulukka nok ein gong har ramma flyplassen vår, seier Jan Morten Myklebust.

I 1998 omkom piloten og åtte innleigde arbeidarar då eit propellfly av typen Cessna 402 styrta like ved rullebanen 12. oktober. Då høgre motor stoppa under innflyginga til Stord lufthamn, klarte ikkje piloten å korrigere for den tapte framdrifta.

Flyet traff bakken og tok fyr berre 200 meter frå landingsstripa. Ingen overlevde ulukka. Dei åtte var arbeidarar ved Aker Stord.

Etter ulukka i oktober 1998 fekk Myklebust eit svært nært forhold til dei ni danske omkomne sine pårørande, og har seinare halde kontakten med dei. No får Myklebust nærkontakt med sorgarbeid og minnemarkeringar nok ein gong.

— Tankane går også denne gongen til dei pårørande, seier Myklebust.

— Eg snudde straks på Gardermoen då eg i går fekk vita om ulukka, drog tilbake til Stord via Flesland og fekk delta på debriefinga av mannskapa på flyplassen. Inntrykket er at alle gjorde ein fantastisk innsats, seier Jan Morten Myklebust.

Ordførar Magne Rommetveit hadde ein blytung dag på jobben i går. Han var ordførar også under den førre ulukka.

— Då eg fekk beskjeden denne gongen, tenkte eg det verste. Det stod vel over 30 her på Sørstokken og venta på å verte tranportert til Aukra. Ein bitte liten trøyst vert det da at dei ikkje kom seg på, og at 12 av 16 av dei som kom frå Stavanger redda seg ut, seier han.

— Heile Stord-samfunnet er bygd på arbeid på Aukra og Melkøya. Det er ein del av livet vårt. At det då skjer ei flyulukke her, rokkar ved tryggleikskjensla til folk.