Koner og barn og andre familiemedlemmer er truga på livet av reiarlaget. Dette er bakgrunnen for at mannskapet avblåser streiken, og set kursen frå Årdal til Tyskland med skipet.

— Me torer ikkje streike meir. Mange av oss har familiar og små born heime i St. Petersburg, seier maskinist Sergej på «Kaukas» til Sogn Avis.

Sju av mannskapet har 26.000 dollar til gode i lønn. Fredag måtte dei difor få utdelt mat for ti dagar framover, gitt av Årdal kommune.

— Vi er rysta over skipseigarane sin oppførsel, seier kjemiskleiar Odd Arne Fodnes i Hydro på Årdalstangen.

Helsesjefen i Årdal, Svein Kåre Senneset, har vore i kontakt med mannskapet: - Dei er også redde for at reiarlaget skal dumpe heile båten. For når stålet om bord er lossa i Årdal har ikkje denne båten nokon verdi lenger, seier Senneset.

No stiller Hydro-tilsette i Årdal også spørsmålet om båten har drivstoff nok til å nå Tyskland.