Kapteinen og styrmannen er tiltalt for aktløyse og for å ha rusa seg i teneste. Dei to matrosane er tiltalt etter ein langt mildare paragraf om plikt til fråhald i teneste.

Maskinisten, som var heilt edru då politiet tok prøve av han, fekk eit førelegg på 5.000 kroner fordi han deltok på festen kvelden før, og ikkje forvissa seg om at alle var edru dagen etter. Han nektar å betale og må derfor møte i retten saman med kollegane sine.

Saka mot dei fem kjem opp for Sunnhordland tingrett 25. august.

Sjokkerte vitne

Då har det snart gått ti månader sidan det frå før hardt prøva reiarlaget HSD vart ramma av enda ein skandale.

Både passasjerar om bord på ferja, som går i sambandet Leirvik-Ranavik-Sunde, og folk på land varsla politiet og HSD om svært uvanleg manøvrering om morgonen 7. november.

Augnevitne har tidlegare fortalt Bergens Tidende at bilferja «Os» kom sidelengs inn til kai, et kvarter etter ruta alt på den fyrste morgonturen i trekantsambandet.

Forskrekka vitne så ferja kome stadig nærare land der ho sneia både eit hus og båtfeste.

I følgje tiltalen hadde både kapteinen og ein av matrosane promille på godt over ein då blodprøve vart teke langt ut på føremiddagen. Styrmannen derimot hadde, i følgje tiltalen, berre 0,11 i promille.

— Må ha drukke seint

Påtalemakta vil derimot hevda at både han og resten av mannskapet drakk seinare enn klokka 21 kvelden før, og dermed har brote føreskriftene om åtte timars fråhald. Dei meiner også at kvar og ein burde gripe inn og hindra at ferja vart sett i trafikk, ettersom fleire av mannskapet var rusa.

— Min klient sov då den særeigne manøvreringa skal ha funne stad. Han merka ikkje noko uvanleg då han tok over på brua i 08-tida. Ettersom han sjølv var langt under promillegrensa på 0,5 finn han det urimeleg å skulle bli straffa, seier forsvararen til styrmannen, advokat Thor Harald Eike til Bergens Tidende.

Delte på ansvar

HSD og politiet har vist til at det skulle vore to offiserar på vakt på brua. Mannskapet hevdar derimot at det over lang tid har vore praksis for at styrmannen og kapteinen har veksla på bruvakta.

— Det har derimot ikkje vore snakk om at nokon har vore aleine på brua. Ein av matrosane har alltid vore til stades, seier Eike.

Advokat John Raknes forsvarer tre av dei andre tiltalte, mellom anna kapteinen. Han ønskjer ikkje å kommentere saka no.

I tingretten får vi vonleg svar på kva som gjekk føre seg kvelden før den skandaløse ferjeferda.

Tiltalen viser at påtalemakta ikkje festar lit til at det var ein roleg kveld, med berre nokre glas til middagen. Brann sin avgjerande siger over Sandefjord i kampen om å halde plassen i Tippeligaen, har vore trekt fram som ei forklaring på at det tok av. Men mannskapet avviser dette.

Politiadvokat Trygve Ritland i Hordaland politidistrikt ønskjer ikkje å kommentere saka før den kjem til handsaming i retten.