Dette seier advokat Thor Harald Eike, forsvarar for den 28 år gamle overstyrmannen som mista jobben på MF «Os» etter alkoholhistoria i Sunnhordland 7.november i fjor.

Styrmannen er ein av fem mannskap som blei sparka og som står tiltalte for brot på åttetimarsregelen, lov om pliktmessig fråhald. Kaptein og styrmann er også tiltalte for aktløyse i samband med det som skjedde, og kan få inntil tre månaders fengsel.

Rettsforhandlingane blir avslutta på Stord i dag.