Gamleordføraren i Stord har vore ute og inne av det nye Stortinget, i takt med svingande gallupar fram mot valdagen. No har han lagt stemmesetelen i valurna. På valvake på Folkets Hus i Bergen i kveld får han svaret på om Oslo blir ny arbeidsstad.

– Eg har blitt meir gira, meir svolten etter kvart som valkampen har skride fram, seier Magne Rommetveit.

Arbeidarpartites 5.kandidat i Hordaland har i valmålingane veksla blant andre med Frp sin 4.kandidat, Laila Reiertsen frå Os, om ein plass på Hordaland-benken.

**_Les også:

– Byttet ut Høyre-sedler med Rødt-sedler_**

– På TV 2-grafikken har eg blitt kasta ut og inn med veldig kraft Det skal bli greitt å få slutt på det, seier Magne Rommetveit, som røysta på ungdomshuset Samhald på Rommetveit i føremiddag.

Rommetveit ser tre mogelege utfall for hans kandidatur i kveld. Ved eit dårleg Ap-val blir han vararepresentant med sporadiske visittar på Tinget. Eit godt Ap-val kan gi han fast plass som partiets femtemandat. Alternativt blir han fast møtande også dersom Ap berre får fire mandat i Hordaland – på vilkår av at ei Stoltenberg-regjering held fram.

– For eg reknar forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen som eit sikkert kort i ei slik regjering, seier Magne Rommetveit.