Av dei over 40 personane vi har bakgrunnsintervjua til denne maktserien, er det knapt ein einaste som har ytra seg negativt om Nils R. Sandal.

Sandal er Sogn og Fjordanes blide andlet utad. Han blir omtala som mannen som er overalt; ein populær, folkeleg og smidig politikar med stort kontaktnett både innad i fylket og langt inn i regjeringskontora. Han har opne dører til dei fleste miljø. Sandal har gode vener og partifeller i dei tre departementa som reknast for viktaste for Sogn, og Fjordane; olje og energi, samferdsel og kommunal. Han skal også ha spelt ei vesentleg rolle for å få Sp-ministrane på plass i regjeringa.

Som fylkesordførar er det også mange som peikar på at han har mykje makt, men samstundes at mykje av denne makta er symbolsk. Han blir også omtala som ein symbolpolitikar som i det daglege støttar seg til fylkesmann Oddvar Flæte og partifelle Knut M. Olsen i fylkestinget.

Dei som er aldri så lite kritiske til Sandal, meiner han kan vere litt for glad i vegopningar, bankettar og festtaler og spreier energien sin for mykje, i staden for å fokusere på det som verkeleg betyr noko for fylkets utvikling; Lutelandet-utbygginga, bru over Nordfjord og betring av vegsambandet mellom Olden til Byrkjelo.

Sandal har ei fortid som bonde, bussjåfør og ordførar i Gloppen. Då døtrene var i tenåra, var det alltid han som køyrde dei heim frå festar i helgane. Det har han sagt han aldri har angra på. Sjølv har han også ei fortid som gitarist i «Eldorados» og «Ommedals kvartett», som herja på bygdehusa i fylket på slutten av 60-talet.

Nils Reiel Sandal med sitt gode humør er ein mann det er vanskeleg å mislike.

JAN NYBERG

Nils R. Sandal