— Det høyrest kanskje mykje ut, men det er under 10 prosent av den totale massen på 16000-17000 elevar i fylket. På landsbasis skal talet vera så høgt som 20 prosent, opplyser Marianne Haaland ved opplæringsavdelinga i Hordaland Fylkeskommune.

Elevane som droppar oftast er dei som ikkje kom inn før på andre- eller tredjevalet sitt.

— Svært mange i risikogruppa har hatt for dårlege karakterar til å koma inn på førstevalet. Dette går kanskje utover motivasjonen, som igjen fører til fråfall, seier Haaland.

Statistikken syner også at det er flest gutar som hoppar av. Det er også meir fråfall i yrkesfag enn på allmennfag.

— Me brukar mange ressursar på å få ned fråfallsprosenten. Eitt av verkemidla er å styrkja rådgjevingstenestene våre, seier Marianne Haaland.