Politiet gjekk til væpna aksjon på Nordfjordeid etter at ein person skal ha gått rundt med ei hagle i eit nabolag.

Politiet stadfestar ovanfor NRK Sogn og Fjordane at dei har fått inn melding om at det er observert ein mann med hagle.

— Mannen vert framstillt for varetektsfengsling i morgon, opplyser lensmannen i Eid, Vebjørn Moa. I dag skal vitner til episoden forklare seg til politiet. Det er naboer som har høyrt skot, som skal forklare seg.

Væpna aksjon

— Vi har sendt ut fleire væpna polititenestemenn til ein adresse i Eid. Vi er i startfasen av aksjonen, og kan ikkje gje meir informasjon på noverande tidspunkt, seier fungerande stabssjef Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.

Like før klokka 23 pågreip politiet ein mann etter at han fyrte av skot utanfor sin eigen heim.

— Vi har nettopp pågripe ein mann i midten av 20-åra. Det skjedde heilt utan dramatikk og aksjonen er avslutta, seier Hauge til NTB.

— Etter det vi kjenner til har han ikkje trua nokon, seier Hauge.

Mannen er ein kjenning av politiet, og saka vert etterforska vidare av Eid lensmannskontor.