Mannen er utanlandsk statsborgar og arbeider ved Aker Kværner Stord.

— Det er uklart kva som har skjedd, men det er mogleg at han er blitt slått ned. Me arbeider no med å finna ut kva som har skjedd, seier operasjonsleiar Oddvar Olsen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Opptrinnet skal ha skjedd utanom arbeidstid, ifølgje Olsen.

Politiet opplyser klokka 21 at ein mann er pågripen for episoden, mistenkt for å ha påført mannen skadane.

— Den mistenkte mannen skal avhøyrast i morgon, seier Svein Roald Vikse i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Den skadde mannen var bevisstlaus då politiet kom til staden. Han er no innlagt ved Stord sjukehus. På sjukehuset får bt.no opplyst at tilstanden til mannen er stabil og at han får behandling på intensivavdelinga.

Politiet fekk melding om episoden klokka 16:30.