Ulukka skjedde rundt halv elleve laurdag morgon.

– Det er ein person som er fall av ein sykkel på ei motorcrossbane og vart skada. Han vart sendt til sjukehuset i Ålesund, seier operasjonsleiar Olaug Holme i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane var mannen heimehøyrande i Ålesund, og pådrog seg ifølgje AMK moderate hovudskadar.

Saka vil bli vidare etterforska av politiet.