Klokka 16.15 fekk politiet i Sogn og Fjordane melding om at ein mann hadde falle ned i ein bresprekk på Strynefjellet. Luftambulansen, eit Sea King-helikopter, og Raude Krossen si fjellredningsgruppe i Stryn rykka straks ut. I tillegg kom det eit helikopter frå Ålesund.

Då dei kom til staden, viste det seg at mannen ikkje sat fast i ein bresprekk, men hadde hamna mellom snøkanten og fjellet og hadde falle om lag fire meter ned. Klokka 17.50 hadde redningsmannskapet fått mannen opp.

— Mannen hadde brot i eine handa, smerter i ryggen, hjerneristing og hadde fått ein del sår i samband med fallet, seier operasjonsleiar Stig Inge Hauge i Sogn og Fjordane politidistrikt.

27-åringen er svensk og stod telemark saman med fleire andre på Strynefjellet då ulukka skjedde. Ulukka skjedde om lag ein kilometer frå Stryn Sommarskisenter.

— Korleis mannen hamna utfor snøkanten, er usikkert, seier Hauge til bt.no.