Mannen i 40-åra vart i titida i dag skadd i ei arbeidsulukke ved Vågsøy Ferdigbetong, melder NRK Sogn og Fjordane.

Han fekk brannskader i andletet og ein arm, og vart send til Førde sentralsjukehus.

Ulukka skjedde då det oppstod ein eksplosjon under brenning av skrot og trevirke.