Politiet fekk melding om ulukka klokka 21.09 laurdag kveld.

— Fartøyet var ein liten plastbåt, seier lensmannsbetjent Roald Apeltun ved Øygarden lensmannskontor til Bergens Tidende.

Luftambulansen kom til staden og frakta den skadde mannen til sjukehus. Ved 23.30-tida laurdag kveld opplyste Haukeland sykehus at mannen sin tilstand var alvorleg, men stabil.

Politiet veit førebels ikkje årsaka til at båten gjekk på land.