Mannen som er i slutten av 40-åra, fekk eine foten fast i eit tau som var festa til kua, og blei dratt etter husdyret. Han slapp unna hendinga med lettare skader.

Tildragelsen skjedde i Hovsåsen like ovenfor Hove steinkyrkje.

Skulle flytte bølingen

Uhellet skjedde då mannen og naboen hans i går skulle flytte nokre kyr frå eit beite til eit anna.

Den eine kua sprang løpsk, sette utfor ein bakke og inn i eit skogholt.

Mannen skal mellom anna ha pådratt seg skader då han blei slått mot eit tre. Til slutt var det naboen som fekk tauet laust.

Både politi, lege og luftambulanse rykte ut, og mannen blei send til sjukehus på Voss.

Mannen ble utskrevet fra Voss sykehus i ettermiddag.