— Klokka 21.48 ringte mannen oss og sa at båten hans hadde begynt å ta inn vatn og at han frykta båten skulle gå ned. Det lokale politiet fekk sendt ut ein båt til han, og klokka 22.06 var han redda, seier operasjonsleiar Sven Johannessen i Hordaland politidistrikt.

Idet 65-åringen steig om bord i redningsbåten, sokk båten hans.

— Dei som var med på redningsarbeidet gjorde ein fantastisk innsats. Båten gjekk ned 200 meter frå land, så det var på hengande håret, seier Johannessen.

Båten til mannen var ein 24 fots fritidsbåt.