HILDE KRISTIN STRAND

PÅL ANDREAS MÆLAND

Fire menn var saman på sauesanking då ulukka skjedde laurdag ettermiddag.

— Dei følgde etter dyra som gjekk ned ein skrent. Det var glatt og sleipt, og ein av mennene ramla utfor skrenten, seier operasjonsleiar Kjell-Tore Aarnes i Hordaland politidistrikt.

Dei tre andre sankarane fekk varsla om ulukka som skjedde om lag 200 meter over Sporveishytten på Kvamskogen.

Både redningshelikopter og klatrarar frå brannvesenet vart sett inn for å redda mannen ned frå fjellet.

— Då ein såg at helikopteret hadde kontroll vart klatrarane sende ned att, sa Aarnes til BT i 21.30-tida.

Helikoptermannskapet fekk mannen opp frå skrenten. Det var tett skodde i området slik at først vart det sagt at ein måtte fly ein omveg mot Haukeland.

Mannen lå søndag ettermiddag framleis på sjukehuset. Han hadde skadar i ansiktet og i armar og bein.