Politiet fekk beskjed om ulukka 11.37 måndag føremiddag.

— Vi fekk ein melding om ein mann som var blitt pårygga inne på ein parkeringsplass ved lokala til Odda jakt- og fiskelag i Odda sentrum, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Hordaland politidistrikt.

Skadeomfanget er endå uvisst.

Politi og ambulanse kom raskt til staden, og mannen blei frakta til intensivavdelinga på Odda sjukehus.

Den mannlege sjåføren skal ha vore i sjokk rett etter uhellet.

— Våre folk vart att på staden og prata med han, seier Kolltveit.

Sjåføren vart kalla inn til avhøyr av politiet etter ulukka.