Bilen fór utfor vegen og tok fyr ved 04.30-tida natt til torsdag. Han vart funnen meir enn 20 meter frå vegen ved Eide i Selje, ifølgje NRK Sogn og Fjordane.

— Utruleg

Politioverbetjent Nils Bakke ved Selje lensmannskontor meiner mannen har vore heldig.

— Ut ifrå korleis bilen ser ut og korleis den ligg, så er det heilt utruleg at han som var i bilen er oppegåande i det heile, seier politimannen til NRK Sogn og Fjordane.

Frå vegen og ned til plassen der bilen var liggjande på taket er det ein høgdeskilnad på sju eller åtte meter.

— Den har floge og kappa av ein del tretoppar på vegen, seier Bakke til nettavisa.

Mistenkt for rus

Det var forbipasserande som oppdaga bilen, som då var tom. Sjåføren meldte seg sjølv og er mistenkt for køyring i rusa tilstand. Han har berre små skader.

p3.jpg
Politiet