— Er det berre kvinnfolk om bord?

To menn og to kvinner står vantru på land og ser på, mens mannskapet manøvrerer den 73 fot lange hardangerjakta inn mot berget. Det er ikkje gjort i ei handvending. Dei fire på land er tydeleg imponerte. Truleg er det lenge sidan, om nokon gong, eit så stort og staseleg fartøy har lagt inntil holmen Avløypet, nord i Nyleia i Fitjar.

  • Gjer klar fendrar!
  • Forover!
  • Fri!

Skipper Cecilie Holm gir klare ordrar. Folket på land slår seg til ro. «Mathilde» legg seg fint inntil. Her er ingen menn, og dei er heller ikkje sakna. Matros Gunvor Storaas (20) frå Norheimsund hoppar i land med fortøyingsboltar og sleggje. Slår bolten i bergsprekken og gjer fast tauet.

JENTETOKTA MED «MATHILDE» er blitt legendariske. I år er det tiårsjubileum for konseptet. Det er ettertrakta vare. Mange kvinner har lyst til å lære å segle. Men så lenge det er menn i nærleiken, er det lett å gå til side for raske manøvrar og tunge tak.

— Vi tør å gjere meir enn om det hadde vore menn om bord. Og så er det liksom ingen å vise seg fram for, blunkar Marit Solum Korbøl frå Grue i Hedmark.Ho har segla nesten heile vegen frå svenskekysten til Brønnøysund med «Mathilde», i løpet av dei ni åra ho har vore med på jentetokt. Synest det er like fantastisk kvar gong, for norskekysten er jo så flott. Eva vor Hirsch frå Bergen er einig.

  • Det å sjå landet frå sjøsida, det er ei heilt anna oppleving. Så mykje holmar og skjær som vi har!

Kristin Strand frå Kvinnherad har aldri vore med før, påstår at når det gjeld segling er ho er heilt grøn. Men sidan ho såg «Mathilde» første gong, har ho drøymt om å få vere med henne.

FØR VI KASTAR LOSS , medan «Mathilde» ligg til kai i Leirvik på Stord, er det oppstilling og samling på dekk for mannskapet på fem og dei atten toktdeltakarane. Det er måndag morgon og eit elendig vêr. Ikkje berre at vinden er totalt fråverande. Dei sist ankomne mønstra på i sommarens hittil kraftigaste, våtaste, og mest øyredøyvande torever. Men vêrgudane viser nåde og himmelen lyfter seg i dét skipper Holm tek plass i midten forut på dekk og ønskjer alle velkomne om bord.

— «Mathilde» er ei raus dame. Ho er svært inkluderande og har rom for alle våre små nykker, seier skipper Cecilie Holm med trygg mine.

Ho forklarar litt om rutinane, naudsituasjonar og brannmanøvrar. Går gjennom vaktordninga. Det er ikkje berre kosetur. Å segle ei skute som «Mathilde» er krevjande og fordrar klar organisering og godt lagarbeid. Og sjølv for røynde kvinner er det stadig nytt å lære.

«MATHILDE» SIG sakte frå kai. Om bord er godt vaksne kvinner, mødrer og døtrer. Og ei tante og niesa hennar på 15, ho er yngst i flokken. Dei påmønstra kjem frå Finnskogen, Slependen, Ryfylke og California, og er like forskjellige som stadene dei kjem frå. Både i alder, sosial bakgrunn, yrke og familiestatus. Men har i alle fall ei interesse felles.

  • Miljøet om bord. Å kjenne lukta av tjære. Det er som å treffe gammal familie ... Eit flytande omsorgssenter. Det er det det er! Her er folk berre snille med kvarandre. Berre det å sleppe å tenkje på å handle mat, alt er ordna for oss!, seier Grete Einarsrud. Ho er veteran, har vore med på jentetokt alle ti åra.

På bysseveggen heng vaktplanen. Rorvakt. Utkikk. Kart. Og Vere Snill-vakta, som er ei litt utvida brannvakt. Den skal sjekke at alle har det bra, at ingen frys, og dele ut bamsemums.

  • Vi skal verei Stavanger på fredag. Kor vi ankrar opp undervegs får vi sjå etter kvart, seier skipper Holm, som er kjend for å segle inn på vågar få har visst om. Finne perler ein elles aldri kjem.

— Det er noko av det som gjer det til eit eventyr å vere med på desse tokta, seier Eva Songe Paulsen, til vanleg skulefagleg rådgjevar hos rådmannen i Suldal kommune.

«MATHILDE» ER KLAR for å sigle etter ei kort undervisningsrunde med bestmann Helle Aaseth framme på dekk.

— Brefokkråa har tre fall. Er det nokon som kan seie kvifor det heiter fall?

  • Den kan falle ned!

Heilt rett. At det er viktig å sette fast taua, og kveile dei opp på kofilnaglane, kan nesten ikkje seiast for ofte. Likeeins at ein ikkje tek laus eit tau utan å vite kva som er i andre enden. Elementærkunnskapen blir presentert med humor og sjølvironi, men alvoret ligg i botnen. Kommandolinjene er klare, men det gjeld å forstå ordrar. No skal det settast skværsegl, og Hilde Sømnes treng hjelp med falla. Margith Skurtveit strammar litt og styrer brasane, medan Caroline Serck-Hanssen heiser breifokka.

Så snart det kjem vind i segla, får ein kjenne korleis naturkreftene verkar. Korleis ein kan temme, vri og vende, og nytte seg av rein - og gratis - energi. Frå bakk i seglet kjem «Mathilde» opp i 5,2 knop etter at damene har brasa og fått godt med vind i råseglet. Vi rundar Stord og seglar oppetter Nyleia, på innsida av Bømlo.

«Mathilde» har både GPS og radar, men ein tek kursen i forhold til land. Utkikksvakta siktar etter stakar, båtar, vardar og fyr. Gir signal med skipsklokka - eit klemt for styrbord, to for babord, og tre for forut - så rorvakta og kartvakta kan finne sjømerka på kartet og styre skuta unna grunner og ureint vatn.

SKIPPER CECILIE HOLM har ein plan. Vi nærmar oss Selbjørnsfjorden og Ivarsøy, og ser inn mot ein våg som ligg bada i kveldssol.

— Berg skværsegl!

Matros Signe Holst-Larsen og nokre fleire av damene klatrar opp i råa medan mor Elin står og ser. Ho klarer ikkje halde seg, så stolt er ho.

— Eg hadde aldri trudd eg skulle få ei så tøff dotter!

Skipper Holm gir ordre om å gjere fenderane klare. Vi går mot land.

  • Sidan vi ikkje har menn om bord, kan vi jo leggje oss inntil ein, seier ho lunt. Og siktar mot Ivarsøy. Men det vert vanskeleg. Det er ikkje brådjupt nok for «Mathilde» sitt tunge skrog. I staden går vi til Avløypet, den vesle holmen mellom Ivarsøy og Ålforo.

Hyttefolket i land ser «Mathilde» kome trygt i hamn, utan så mykje som eit mannfolk om bord. Dei synest det er stas å få besøk av ei så flott skute, og lovar oss flotte berg å nyte kveldssola frå.

Men no er det mat. Lasagne med laks, spinat og tomatar, med råkost av nykål til, glir ned på høgkant. Alt laga frå botnen av Ingrid Laupsa, som har halde på i den vesle byssa i fleire timar.

  • It's worth coming here just for the food! seier 70 år gamle Marelyn Johnson, all the way from California.

Ho var med i fjor og.

ROBÅTEN BLIR LÅRA og nokon dreg ut for å setje garn. Andre går i land for ein liten tur, opp på høgaste punktet på holmen. Men knotten jagar damene i soveposane like etter solnedgang.

Tett i tett, i hengekøyene under dekk, ligg damene som i bananskal. Hevdar å sove godt slik, berre dei har sov-i-ro. Nokon snorkar, medan Anke Puck les, i lyset frå ei hovudlykt.

Neste morgon vankar det havregraut og kokekaffi, og to raudtorsk i garnet.

Signe kallar inn til pusteøvingar. Etter ei natt i hengekøye gjer det godt å strekkje seg ut og hente ny energi, før det igjen er oppstilling på dekk. Alle om bord har eit nummer.

Skipper Holm ropar og damene svarer.

— Ein!

  • Hoi!
  • To!
  • Hoi!
  • Tre...

Så slår Gunvor laus boltane og «Mathilde» sig sakte frå land. Ut mot nye vindar som ventar, lenger ute.