Ulukka skjedde på Flåte ved Stordalsvatnet i Etne kommune.

I følgje operasjonsleiar Agnar Austerheim ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt er det uvisst når ulukka skjedde.

Den 47 år gamle ugifte gardbrukaren blei sist sett klokka 21 i går kveld. Han blei funne død tysdag morgon. Ulukka blei meldt klokka 09.40.

— Truleg har han klargjort siloen for ilegging. Han har falt seks meter ned i siloen. Den var tom og bygd i betong, seier Austerheim.

Politiet er no på ulukkesstaden og ein inspektør frå Arbeidstilsynet er på veg frå Stavanger. Gardbrukaren vil bli sendt til rutinemessig obduksjon ved Gades Institutt i Bergen.

<b>ETNE:</b> Ein 47 år gamal mann omkom etter at han fall ned inne i ein tom silo.
JONAS JØRSTAD