Ifølgje politiet er skadene ikkje livstruande, og tilstanden til mannen stabil.

Politiet vart tipsa av publikum som såg ein ambulanse på veg bustadhuset som politiet kallar «kjent». Der fann politiet to personar som var tydeleg rusa på narkotika. Politiet fann også hasj og narko-tablettar i huset.

Ifølgje politiet har dei to i vitneavhøyr fortalt at dei ikkje kjenner til knivstikkinga.

Etterforskinga er i gang og politiet på Eid vil førebels ikkje spekulere i kva som har foregått i bustadhuset på Nordfjordeid i morgontimane i dag. Politiet er no på sjukehuset for å avhøyre mannen som har fått knivstikket.