Han blei pågripen av politiet fredag, og i avhøyr erkjente han utuktig omgang med kvinna medan ho sov, seier lensmann Hans Petter Harlem til firda.no.

— No skal det gjerast fleire vitneavhøyr, og så blir det opp til politijurist å ta ut påtale. Men dette er ei alvorleg sikting å ha på seg, uansett kva utfallet av saka blir, seier Harlem til firda.no.

Politiet meiner det ikkje er grunnlag for å tru at det er fare for at bevis forsvinn. Gjerningsmannen er derfor sluppen fri.