EIR STEGANE

Mannen kom ut av krattet klokka 08.35 den dagen 23-åringen vart funnen drepen, og gjekk så i retning Førde sentrum.

Politiet understrekar at mannen berre har status som vitne, ikkje som mistenkt. Men det er naturligvis nærliggjande å tru at det kan ha vore Slåttens drapsmann som kom ut av buskene 7. juni i år.

— Vi ønskjer ikkje å spekulere i om dette kan vere drapsmannen, seier lensmann i Førde, Kjell Fonn.

Det er ei ny vitneforklaring frå en syklist som melde seg i forrige veke som gjer at politiet etterlyser mannen. Det er ikkje snakk om den same syklisten som politiet tidligare har etterlyst, men eit heilt nytt vitne.

— Kvifor har ikkje denne syklisten meldt seg tidlegare?

— Vedkommande har gitt ei plausibel forklaring på det, så vi har ingen grunn til å tvile på at det syklisten seier stemmer, seier Fonn.

Personen skulle på jobb, og kom syklande langs Angedalsvegen i retning Førde sentrum. 30-35 meter før inngangen til åstaden bremsa syklisten ned på grunn av ei utkjøyrsle der det gjerne kjem bilar i stor fart.

Vedkommande sykla derfor veldig roleg idet mannen i hettegensaren kom ut av krattet. Mannen vart ståande ei kort stund før han begynte å gå mot sentrum.

— Det var vanskeleg for syklisten å sjå andletet hans, fordi han hadde snørt hetta veldig tett igjen, seier Fonn.

Etter nokre sekundar passerte syklisten mannen på fortauet, og eit stykke etter avkjøyrsla til Førdehuset snudde syklisten seg og såg mannen i front.

— Men avstanden var for stor til at syklisten kunne sjå andletet skikkeleg. Vedkommande har sagt at mannen trulig er mellom 20 og 30 år, og at han er vel 1,80 høg. Hudfarge var det ikkje mogleg å identifisere, seier Fonn.

— Kvifor har politiet venta nesten ei veke med å fortelje om den nye vitneforklaringa og etterlyse mannen?

— Det er fordi vi ville ha alt på det reine før vi gjekk ut med opplysningane, slik at vi slepp å komme tilbake med korrigeringar, seier lensmann Fonn.

NYE OPPLYSNINGAR: Politiet i Førde hadde i går ein rekonstruksjon av det eit nytt vitne har forklart i forrige veke i forbindelse med drapet på Anne Slåtten. En ung mann i svart hettegensar kom ut av krattet der den unge kvinna var funnen drepen, og gjekk så i retning sentrum.<p/> FOTO: MARIT BENDZ