Fredag klokka 7.17 fekk politiet melding om ei trafikkulukke i Høyanger i Sogn og Fjordane.

Ambulanse og politi rykka ut etter at ein bil kjørte av vegen på fylkesveg 55 mellom Kyrkjebø og Vadheim, og ned ein skråning.

Mann til sjukehus

Det skal ikkje vere høgt fartsnivå på staden der ulukka skjedde, og ingen andre kjøretøy er innblanda.

Ein mann i 20-åra er kjørt til Førde sentralsjukehus med ambulanse, med førebels ukjend skadeomfang.

Politi på staden

— Politiet er på staden no. Vi har førebels ikkje meir informasjon, seier operasjonsleiar Olaug Holme.

Saka blir etterforska av Høyanger lensmannskontor.