– Ein mann er funnen i sundet like vest av Florø lufthamn. Han blir no frakta til land for identifisering, seier operasjonsleiar Arild Stokkereit ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane skulle mannen som blei meld sakna, gå med båten sin frå Florø til øya Skorpa for tre dagar sidan.

Dette var siste gongen familien snakka med han. Funnstaden stemmer med reiseruta.

Politiet kjenner ikkje årsaka til at saknameldinga først kom i dag. Det blei sett i gang leiting i ettermiddag, og mannskap på politibåten fann ein person død. Båten, ei 34 fot stor treskøyte, er ikkje funnen.